Inviterer til festivalveke i Ytre Arna.


Det er Vitam Focus som står bak den kreative sommarfestivalen i Ytre Arna, i lokala over pizzarestauranten i Arnegården. Og festivalen varer heilt frå den opnar måndag ettermiddag til siste dag på søndag.

Maria Grønn-Nielsen og Janneche Christine Lindtner, som begge er medlemmer i Vitam Focus, gler seg til opninga måndag, og dei håpar mange vil finna noko i det varierte programmet som freistar.

– Vi kan forsikra at her blir det noko for folk i alle aldrar og med heilt ulike interesser. Det blir konsertar, kurs, kunstutstilling, dans, foredrag, work shops, for å nemna ein del. Vi håpar verkeleg at mange har lyst å få i alle høve noko av dette med seg, seier Grønn-Nielsen og Lindtner.


Foredrag om vald

Det er Lindtner som eig lokalet, og tanken er at når veka er over er det fritt fram for andre å fylla lokalet med ulike aktivitetar.

Grønn-Nielsen, som er styreleiar i Vitam Focus i Bergen, jobbar til dagleg som naprapat, og ho kjem til å flytta inn i eit ledig lokale i andre etasje. Dermed kan ha også ta seg av kontakten med dei som ønskjer å bruka lokala. Anten til utstillingar eller andre former for kunst og kultur.

Lindtner jobbar som advokat i Bergen sentrum, men ho har ingen planar om å flytta kontoret til Ytre Arna. Lindtner er ein av dei som skal halda foredrag under festivalen. Om vald mot kvinner.

– Ta livet tilbake

– Alvorleg tema, Lindtner?

– Ja, og svært viktig. Eg jobbar ein del med kvinner som har vore utsette for vald, og eg opplever at dei treng å få ein del kunnskap om korleis dei kan takla dette og ta livet tilbake, for å seia det slik. Dette er noko eg verkeleg brenn for, seier Lindtner.

– Det er viktig å presisera at Vitam Focus er ein motivasjonsorganisasjon som har som mål å heva livskvaliteten i mennesket gjennom positivt fokus. Vitam FOCUS er latin og tyder livsfokus, legg Lindtner til.


Dette er eitt av bileta til biletkunstnaren Andres Cimas Ramos frå Barcelona. Men, med ei rekkje bidrag frå folk som kom på utstillinga hans i Trondheim. Han håpar det blir eitt frå Ytre Arna også. Ronny Bertelsen

Eit artig innslag blir nok at dei som ønskjer det kan vera med å skapa eit måleri, der fleire andre både før og etter har og skal bidra. Det er biletkunstnaren Andres Cimas Ramos frå Barcelona som både har utstilling og er til stades som kan koma med innspel til dei som ønskjer det.

– Han gjorde det same på same festival i Trondheim, og resultatet blei kjempespennande, seier Grønn-Nielsen.


– Ytre Arna er perfekt

– Kvifor i all verda fall valet på Ytre Arna for å arrangera ein slik festival?

– Kvifor ikkje, ler dei to driftige kvinnene.

– Vi stilte oss det same spørsmålet, men konkluderte med at staden er heilt perfekt. Dei vi har snakka med som bur her har ønskt oss varmt velkomne og er glad for at vi valde bygda deira. Og så har Ytre Arna utruleg mykje å by på, og det er eit svært oppegåande organisasjonsliv her. Eg håpar vi kan samarbeida med dei om å få til endå meir i lokala, seier dei to kvinnene.

Medan noko av det som skjer denne veka er gratis, er det også ein del av arrangementa som kostar pengar.


Artikkelen er hentet fra Ronny Bertelsen i Bygdanytt.


OPPDATERT: 05.AUG.2019 10:14

PUBLISERT: 04.AUG.2019 14:45

81 visninger0 kommentarer